Web Analytics Made Easy - Statcounter

Olav Duuns Juvikfolket: Universelt drama om livskraft

Einar Vannebo

«Kvifor lese Olav Duun i dag?» var spørsmålet Einar Vannebo svara på i sitt føredrag for Kolsås Rotaryklubb 15. oktober. Etter det innsiktsfulle og engasjerte innlegget hans var det nok fleire klubbmedlemmer som gjekk heim og leita fram Duuns «Juvikfolket» frå nedstøva bokhyller. 

Vannebo var i 25 år direktør for den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo. Så tok han teologisk embetseksamen og doktorgrad i nordisk litteratur med avhandlinga «Å vera menneske. Religion og menneskesyn i Olav Duuns dikting» om lag samstundes. Frå han var 65 til han pensjonerte seg som 70-åring i 2022 var han sokneprest i Våler kyrkjelyd i Hedmark. Han bur nå i Oslo.

I føredraget konsentrerte Vannebo seg om Duuns hovudverk, «Juvikfolket», som kom ut i seks bind frå 1918-1923. Romanane skildrar livet til seks- sju generasjonar juvikingar på 1800-talet og den første delen av det 20. hundreåret. Landskapet har tydeleg preg av Duuns heimtrakter, øya Jøa i Namsfjorden i Trøndelag. Verket vart skrive i Holmestrand, der Duun arbeidde som lærar i mest tjue år.  

Vannebo omtalte «Juvikfolket» som ei psykologisk Noregs-soge og som mentalitetshistorie. Det er eit «universelt drama» som handlar om livskraft og styrke, medkjensle og ansvar. Trass i at bøkene kom ut i kjølvatnet av første verdskrigen vitnar «Juvikfolket» om at Duun trudde på berekrafta til positive verdiar, meinte Vannebu. Han var ein «skamleg optimist i hjarta», ifølgje Duun sjølv.

Vannebo konkluderte med fire grunnar til å lese Duun i dag:

·      For å få kunnskap om den historiske bakgrunnen for det samfunnet vi lever i.

·      For å få medvit om mentalitetshistoriske prosessar.

·      For å reflektere over naturen som med- og motspelar og som kjelde til etisk og religiøs sensibilitet.

·      For å gle seg over eit meisterleg språk.

Karl Venås heldt kveldens treminuttar. Temaet var geometri, med særleg vekt på problemet sirkelens kvadratur. Alt dei gamle grekarane hadde prøvd å konstruere eit kvadrat med same areal som ein gjeven sirkel med berre passar og linjal. Først i 1882 slo Ferdinand Lindemann fast at problemet var uløyseleg.

Tekst og foto Tore Nedrebø.