Trump, Gud og Gaza
Dette var tittelen tidlegare redaktør i avisa Vårt Land, Helge Simonnes, hadde gitt føredraget han heldt for Kolsås Rotaryklubb 4. november. Hovudtemaet hans var likevel den aukande bruken av religiøs retorikk for nasjonalistiske formål vi har sett i seinare år, ikkje berre i USA, men òg i land som Russland, Ungarn og India og blant islamistar. Til og med i Noreg har slike tendensar vist seg, særleg blant fundamentale kristne på Vestlandet.
Koplinga mellom Trump, Gud og Gaza fann Simonnes i det faktum at mellom 25 og 30 millionar amerikanske veljarar er evangelikalske kristne. Dei er sterkt konservative og bibeltru, og oppfattar Israel som ein nøkkel i Guds frelsesplan for menneska. I førebuinga av Trump sin første valkamp innsåg rådgjevaren hans, Steve Bannon, at denne veljargruppa kunne vere avgjerande. Trump gjekk derfor ut med tre valløfte som var skreddarsydde for den. Han skulle 1) «drain the swamp», det vil seie knuse den liberale eliten som dominerte i Washington; 2) utnemne nok høgsterettsdommarar til å stanse den liberale abortpraksisen i USA; og 3) flytte den amerikanske ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem.
Dette fungerte. Evangelikale veljarar vart tunga på vektskåla som gjorde at Trump vann valet i 2016. Då røysta 80 prosent av dei på Trump, i 2020 mest like mange, og i 2024 gjorde 85 prosent det. Dei var samde med Trump i at han overlevde attentatet i den siste valkampen «fordi Gud redda meg for å redde USA». Evangelikale ser Trump som døme på at Gud kan bruke urettferdige som sin reiskap, slik han i år 538 f.Kr. brukte persarkongen Kyros den store til å la jødane forlate fangenskapet sitt i Babylon og vende heim til Jerusalem for å gjenoppbygge tempelet.
Simonnes meinte det var omsynet til evangelikalske veljarar som hadde gjort at både Biden og Trump så trufast hadde støtta Israel og statsminister Netanyahu etter terrorangrepet 7. oktober 2023. Tidlegare i år oppstod det likevel ein reaksjon mot dette innan MAGA-rørsla. Det var ifølge Simonnes grunnen til at Trump endeleg tvinga Netanyahu til å inngå den våpenkvila som nå gjeld. «Innanrikspolitiske forhold i USA førte til langt større blodsutgyting enn som elles ville ha skjedd», meinte han.
Kvifor er religiøs retorikk så effektiv? Simonnes meinte det skuldast at han spelar på tre kraftfulle faktorar: 1) identitet, 2) kjensler og 3) relativisme – forvrenging, tilsløring og fornekting av sanninga. Når det gjaldt identitet, hadde Trump lukkast med å framstå som presidenten til dei som var «krenka», det vil seie globaliseringstaparane, særleg kvite industriarbeidarar og bønder. Dette hadde blitt kombinert med ein positiv bodskap: «Make America Great Again!». Som alt Roger Ailes, medgrunnleggar av Fox News i 1996, hadde forstått, er kjensler viktigare enn fornuft når veljarar bestemmer seg for kven og kva dei røystar på. Og når det gjeld relativisme hadde Trump i 2015 byrja å snu alt på hovudet då han gjekk ut mot «fake news» og systematisk å bruke løgn og forvirrande utsegner. Fakta vart erstatta av tru.
Simonnes hadde skrive fire bøker om tema han omtalte i føredraget: En Gud for de mange (2016), Kampen om korset i politikken (2019), Trump, Gud og kirken (2021), og Putins hellige krig (2023). Der åtvarar han også mot den veksande bruken av religiøs retorikk.
Kveldens treminuttar var ved Nils Lydersen. Han har hytte i Arendal kommune og fortalte om Arendalsveka. Sist august hadde han vore med i tre dagar og høyrt på 16 av dei totalt over 1000 føredraga som blei haldne i løpet av veka. Nils meinte at mykje nyttig kunnskap blir delt der og kunne varmt tilrå deltaking.
Tekst og foto: Tore Nedrebø

Helge Simonnes på Rykkinn Seniorsenter 4. oktober 2025.

Kveldens treminuttar var ved Nils Lydersen og handla om Arendalsveka.