Web Analytics Made Easy - Statcounter

Møte om forholdet mellom Russland og Kina

Medlemsøtet 22. august fann som vanleg stad på Rykkinn seniorsenter. President Magnar Danielsen opna med å orientera om klubbsaker. Han slo fast at det nye styret var etablert og hadde hatt sitt første møte tidlegare på dagen. Der hadde også nye komiteleiarar deltatt. Alle medlemmer er nå fordelte i komitear. Styret vil spesielt jobba med å i gang konsertar igjen. Konkret er planen ein nyttårskonsert i Bryn kirke i januar med Wolfgang Plagge og Henrik Syse.

Frå møtet på Rykkinn seniorsenter. 

Treminuttaren var ved Terje Behringer. Han tok utgangspunkt i at han meiner journalistar for sjeldan spør politikarar «kvifor?». Han hadde bede den kunstige intelligens-maskina Chat GTP+ laga ein tekst til ein treminuttar om kvifor det er viktig å stilla dette spørsmålet, og framførte resultatet. Det vart eit elegant og poengtert innlegg som hausta stor applaus.

Terje Behringer

Kveldens føredragshaldar var Knut A. Mugaas, som i mange år hadde jobba i Eksportrådet og på norske utanriksstasjonar, og spesielt med Russland. Han vart introdusert av Jon Ramberg. Temaet hans var forholdet mellom Russland og Kina.

Mugaas la fram mange interessante opplysningar og vurderingar som viste god innsikt i problematikken. Han omtalte Russland som ein «korrupt mafiastat» og Kina som ein «parti/politistat».  Mugaas meinte Russland var i ferd med å bli ein vasallstat under Kina. Både Putin og Xi står for ein imperialistisk politikk.

Blant kommentarane frå salen etterpå var at det nåverande nære forholdet mellom Russland og Kina er situasjonsbestemt og fort kan endra seg avhengig av landas interesser til ei kvar tid. Moskva burde særleg uroa seg over Kinas innverknad i det lite folkesette Sibir. 


Knut A. Mugaas


Alle fotos: Tore Nedrebø




 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Rykkinn Seniorsenter
Adresse: Hugins vei 9
Postnummer: 1349
Sted: Rykkinn
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

Klubbmøte

2024-05-14 18:30 - 19:30

Peismøter

2024-05-21 18:30 - 19:30

Klubbmøte

2024-05-28 18:30 - 19:30

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...