Web Analytics Made Easy - Statcounter

Oppsummering frå årsmøtet 2023 første del

Første del av årsmøtet i Kolsås RK fann stad på Rykkinn Seniorsenter tysdag 10. oktober, leia av klubbpresident Magnar Danielsen.

I sin rapport for året 2022-23 framheva tidlegare president Svein Kvinnsland spesielt dei mange og gode medlemsmøta som var gjennomførte. Det hadde vore spennande talarar, interessante tema, gode diskusjonar og mange deltakarar. Klubben hadde dessutan fått tre nye medlemmer.

Magnar presenterte skriftlege rapportar frå komiteane og dessutan sitt utkast til revidert treårsplan. Han ville leggja særleg vekt på å finna tema til medlemsmøte som appellerer til kvinner. Minst eitt møte i året skulle ha Rotarys internasjonale verksemd som tema. Inn i planen skulle også ei målsetting om å oppnå inntekter gjennom å arrangera konsertar (det blir nyttårskonsert i Bryn kirke 17. januar med bl.a. Wolfgang Plagge). Magnar ønskte dessutan å prioritera innsats for mental helse.

Kasserar Aage Vernegg la fram rekneskap for perioden 2022-23 og budsjett for 2023-24.  Budsjettet inneber ein auke i medlemsavgifta til 1700 kroner i semesteret. Det er mindre enn prisveksten i samfunnet elles. Magnar konstaterte at klubben driv «veldig rimeleg». Revisor Terje Behringer stadfesta at rekneskapen var ryddig og oversiktleg.

To færre enn halvparten av medlemmene møtte fram på årsmøtet. Dette førte til at formelle vedtak måtte utsetjast til årsmøtets andre del, 7. november.

I gjennomgangen av klubbsaker før starten av årsmøtet orienterte Svein om at han hadde besøkt Oppegård Rotaryklubb, hovudsakleg for å fortelja om klubbens mentorarbeid. Magnar minte om at det er verdas poliodag 24. oktober og at det kunne vera aktuelt med ein stand til dømes på Kolsås-senteret. Han oppmoda også medlemmene til å støtta Rotary-aksjonen Hjelp til Ukraina (Vipps 804309, kontonr. 15066271282, jf. www.hjelptilukraina.com). Midlane går til mobile naudhjelpsklinikkar. Magnar oppmuntra dessutan til å delta på konsert med Magnolia jazzband og vokalisten Majken Christiansen i regi av Eiksmarka RK 19. oktober kl. 19 i Østerås kirke.

Treminuttaren var ved Bjørn Finn Frantzen. Han fortalte om ei reise som nå er uråd å gjera: med Amerikalinja frå Oslo til New York. Han hadde tatt turen saman med familien i 1962. Ein varm junikveld, etter ni døgn i sjøen, hadde skipet ankra opp i Hudson River framfor ein lysande Manhattan «skyline» i solnedgangen. Landgangen skjedde morgonen etter. Bjørn hadde så gått på ein militær stabsskole i eitt år.


Årsmøtet vart leia av klubbpresident Magnar Danielsen.


Tidlegare president Svein Kvinnsland legg fram sin årsrapport.


Kasserar Aage Vernegg presenterte ein ryddig og oversiktleg rekneskap.


Litt færre enn halvparten av medlemmene møtte fram. Møtet var dermed ikkje vedtaksført, og formelle vedtak må gjerast i årsmøtets andre del 7. november.


Tekst og foto: Tore Nedrebø, informasjons- og nettansvarleg.