Web Analytics Made Easy - Statcounter

Årsmøte 2023 del 2

Andre del av årsmøtet i Kolsås Rotaryklubb vart gjennomført på Rykkinn seniorsenter 7. november. Godt over halvparten av medlemmene møtte fram, og årsmøtet var dermed vedtaksført. President Magnar Danielsen leia møtet.

Møtet valde Rolf-Christian Solem til «president-elect» i styret for 2024-25, det vil seia som president i 2025-26. Rolf-Christian går dermed inn i styret for 2024-25 saman med Øyvind Roar Ekeberg, som då vil vera president, Magnar Danielsen, som då vil vera «past president», Iris Bente Frøybu, styremedlem, Karl Venås og Steinar Johansen, saman vil fungera som klubbsekretær, Aage Vernegg, kasserar, og Tore Nedrebø, web- og informasjonsansvarleg (CICO).

Årsmøtets del 2 slutta seg til alle saker som vart drøfta på første del av årsmøtet 10. oktober, som ikkje hadde vore vedtaksført. Det galdt mellom anna årsmeldinga, rekneskapen og revisjonsrapporten. Ein tok budsjettforslaget til etterretning og godkjende ein auke i medlemsavgifta til kr 1700 per halvår. I tillegg vart ein del innkomne forslag vedtekne, mellom anna at det skal serverast kake på medlemsmøte først når medlemmer fyller 90 år, ikkje 80 som tidlegare. Behandling av forslag til vedtektsendringar vart utsett.

Før årsmøtet vart to nye medlemmer opptekne: Iris Bente Frøybu og Svein Hagen. Etter årsmøtet vart oppsummeringar frå peismøta 31. oktober presenterte.

Nils Engelstad var klubbvert og heldt treminuttsføredraget. Han tok utgangspunkt i to aktuelle, samanknytte saker, nemleg dekkskifte og restaurantbesøk. Fellesnemnaren var den franske dekkprodusenten Michelin. Selskapet vart grunnlagt i 1889, har i dag 75 fabrikkar i 19 land og lagar 200 millionar dekk i året. I år 1900 var det om lag 3000 bilar i Frankrike. For å oppmuntra folk til å bruka bilen meir eller til å skaffa seg bil, og dermed til auka etterspørselen etter dekk, byrja Michelin det året å gi ut ein guide til restaurantar og hotell rundt i landet. Tostjerners restaurantar er «verde ein omveg» og trestjerners «ei eiga reise». Nils observerte til slutt at eit vinterdekk på 16 tommar i dag kostar 2300 kroner, mens ein meny utan vin på Noregs einaste restaurant som har fått tre Michelin-stjerner, Maemoo, kostar 2800.

 
Leiar av valkomiteen, Kjersti Kvalheim Dunham, føreslår Rolf-Christian Solem som president i 2025-26.


Møteleiar og president Magnar Danielsen med sakslista.


To nye medlemmer, Iris Bente Frøybu og Svein Hagen, vart tekne opp. Her med sine sponsorar, Normann Ræstad og Magnar Danielsen.


Nils Engelstad heldt kveldens treminuttar, som handla om Michelin.




 


 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Rykkinn Seniorsenter
Adresse: Hugins vei 9
Postnummer: 1349
Sted: Rykkinn
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no

Place content here

Klubbens møter denne måneden

Peismøter

2024-05-21 18:30 - 19:30

Klubbmøte

2024-05-28 18:30 - 19:30

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...