Web Analytics Made Easy - Statcounter

EU-utviding med Ukraina bør føre til ny norsk EU-debatt

Ei ny, stor EU-utviding er på gang som følgje av Russlands invasjon av Ukraina. Det har utløyst ein ny reformdebatt i EU. Utviklinga bør setja også Noregs forhold til EU dagsorden igjen, framheldt Tore Nedrebø på sist klubbmøte i Kolsås RK.

Det var ein overtydd europear som med stø hand tok sine klubbkameratar inn i det aktuelle landskapet mellom Den europeiske unionen (EU) og Noreg på møtet i Kolsås Rotary tysdag 16. januar. Tore Nedrebø, med mangesidig erfaring frå yrkeslivet i Utanriksdepartementet og frå eiga forsking og forfattarskap, hadde kalla føredraget sitt «Debatten om Europas framtid: Vil Noreg vera med?». Tore gav til slutt eit positivt svar, om enn med usikker tidshorisont, men først etter ein grundig bakgrunn.  

Han tok utgangspunkt i at Europas framtid er i spel. Russland og Kina utfordrar Vesten og ikkje minst EU. Krigen i Ukraina og landets søknad om EU-medlemskap har sett fart i utvidingsprosessen både i Vest-Balkan og austover, og kan føra til eit EU på 35-36 medlemsland. Men det er mange skjær i sjøen: Krigen i Ukraina er ikkje avgjort, og medlemskap for landet vil uansett gi store utfordringar, ikkje minst for den felles landbrukspolitikken. EU takla pandemien og det grøne skiftet bra, men er blitt svært komplekst og har stort reformbehov som bør møtast før ei ny, stor utviding.

Så kva med Noreg? Det var knappe fleirtal mot medlemskap i folkerøystingane i 1972 og 1994. 1. januar 2024 var det 30-års jubileum for ikrafttreding av EØS-avtalen. Den er utan samanlikning Noregs viktigaste internasjonale avtale. Som følgje av den har Noreg vedtatt ca. 14 000 EU-rettsakter, som er om lag 70 pst. av EUs regelverk. Dette gjer Noreg til ein del av EUs indre marked. Samhandelen med EU utgjer 60 pst. av vår samla utanrikshandel. Ein nyleg analyse ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt anslår at avtalen har gitt to til seks prosent større norsk realinntekt enn berre ein handelsavtale ville ha gitt.

Korleis er så utsiktene for ein ny, norsk EU-debatt? At EU sjølv går inn i ein ny reform- og utvidingsrunde kan og bør få fart på også den norske debatten. Assosiert EU-medlemskap kan bli ei ny mogelegheit. Førebels viser likevel norske meiningsmålingar framleis stort fleirtal mot medlemskap, sjølv om det er ei viss dreiiing mot ja til EU, særleg blant unge. På Stortinget ønskjer Høgre, Venstre og MDG medlemskap, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti har nok med EØS, mens Senterpartiet, SV og Raudt seier nei til både EU og EØS i dag. Framstegspartiet er mot EU-medlemskap og ønskjer å reforhandla EØS-avtalen.

Tore meinte SV sit med nøkkelen til ein ny medlemskapsdebatt. Det som lettast kan føra Noreg inn i EU er altså at SV snur frå nei til ja, som partiet har gjort i haldningna til Nato. Tore konstaterte likevel at utsiktene til at det skal skje pr. i dag ikkje ser gode ut.

Tores eigen konklusjon var at geopolitiske utfordringar krev eit meir sameint og størrre EU – og at Noreg må vera med. Det trudde han også vil skje – før eller seinare. Men utfordringane for EU er truleg for store til større reformar eller omfattande utviding kjem i mål før 2030. Norsk opinion kan verka fastlåst, men både EU og omverda er dynamisk – stikkord USA, Russland og Kina – og situasjonen kan endra seg her heime og.

Før foredraget var overrakte klubbpresident Magnar Danielsen noko forseinka "Past Presidents' Pin" til Kåre Kristoffersen, som var president for klubben 2020-21. Kåre la da gode rutinar for møte på nett og fysisk under pandemien. Kåre leiar nå klubbens mentorprosjekt i samarbeid med Bærum kommune.

Tre-minutteren var ved Harald Haug, som ga eit fascinerande innblikk i liv og virke til Caspar Donato Brambani, som er heidra med vegnavn og skulptur i Sandvika. Brambani var fødd av italienske innvandrarar og kom til Sandvika i 1870. Der etablerte han alt året etter Sandvikens Kalkfabrik  og Teglverk og snart fleire teglverk. I 1889 kom Sandvikens Blikkvarefabrikk til før han sette krona på verket med Sandvikens Vandverk med vatn frå Stovivannet i 1898. I krakket året etter gjekk alt overende. Brambani viste stor omsorg for sine mange arbeidare, og sjukekassa han etablerte vart overført til kommunen.

Tekst: Jon Ramberg

Tore Nedrebø med kart over EU-utvidingane sidan 1957. Foto: Magnar Danielsen.

Treminuttaren var ved Harald Haug og handla om Caspar Donato Brambanis (1834-1906) viktige rolle som industrigründer i Bærum. Foto: Tore Nedrebø.

Kåre Kristoffersen mottok endeleg sin "past presidents`s pin". Foto Tore Nedrebø.


 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Rykkinn Seniorsenter
Adresse: Hugins vei 9
Postnummer: 1349
Sted: Rykkinn
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...